Hodepine Norge Rogaland er åpna

Hodepine Norge sitt lokallag i Rogaland hadde stiftelsesmøte måndag 13. mars, i lokalane til FFO Rogaland på Forus. Det var mange som hadde meldt seg på, og heile salen med plass til 55 personar vart full.

Rogaland har 369 Hodepine Norge-medlemer (pr. 15. mars 2023). Det er ein veldig god start, og vi håpar mange fleire vil bli med på laget no når det vert aktivitet i fylket.

Som møteleder vart Marita Lindal Haug valt.

På møtet vart det vedteke at Hodepine Norge Rogaland no er stifta, og det var valt eit styre som har ansvar for å drive lokallaget fremover til beste for alle med hovudpinesjukdom i Rogaland.

Lokallaget har allerede nokre planar på blokka om aktiviteter framover, og slik det ser ut nå, blir det temakvelder om pasientrettighetar og om hovudpine hos barn og unge.

Lokallaget følgjer retningslinjer for lokallag og forbundet sine vedtekter.

Styret i Hodepine Norge Rogaland

Som lokallagsstyre vart valt:

Styreleiar:

  • Marita Lindal Haug

Styremedlemmer:

  • Margrete Dysjaland (nestleiar)
  • Sol Aspaker Stensland (sekretær)
  • Irene Storstein Helvig (kasserar)
  • Wenche Drengstig
  • Gjertrud Marie Jensen
  • Lise Dale Soma
Styret i Hodepine Norge Rogaland. Frå venstre: Gjertrud Marie Jensen, Irene Storstein Helvig, Wenche Drengstig, Sol Aspaker Stensland, Marita Lindal Haug (styreleder), Margrete Dysjaland, Lise Dale Soma

Arbeidsstyret hadde invitert nevrolog Gry Klevan fra klinikken Gjerne Hjerne, til å snakke om hovudpine, ho helt ein svært interessant og lærerik presentasjon, og vi som sat i salen fekk stille spørsmål både undervegs og etterpå.

Nevrolog Gry Klevan svarar på spørsmål om migrene frå salen

Sentraladministrasjonen gratulerer Hodepine Norge Rogaland med stiftelsen, og ønsker lukke til med arbeidet vidare. Vi ser fram til godt samarbeid i åra som kjem.

Lokallaget si nettside

Følg med på aktiviteter i lokallaget her: Hodepine Norge Rogaland

Kor mange i Rogaland har hovudpinesjukdom?

I Rogaland er det ca. 500 menneske med klasehovudpine, ein alvorleg hovudpinesjukdom med brutale smerter som gir enorme hindringar i livet. Alle med klasehovudpine bør få oppfølging hos spesialist.

Ca. 74 000 menneske i Rogaland har migrene. Av desse har rundt 7 400 utvikla kronisk migrene.  Vi kallar det kronisk migrene når hovudpinen og dei nevrologiske symptomene som følgjer med, kjem oftare enn halvparten av dagane pr. månad. Det seier seg sjølv at det er ein stor byrde i livet. 

Tala er basert på ca. tal om prevalens for heile landet.

Lær mer om hodepine

Relaterte artikler

Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter