Det eg vil tenke mest på

En tom benk ved et stille vann

Det eg vil tenke mest på

Sola skin ute, og eg kjenner at kroppen min høyrer til ved vatn slike dagar. Eg vil ha bær i ei boks, sprudlevatn i flaska, kaffi på termos, mannen og barna nært meg. Men istaden sit eg i ein stol, i ei stove, på ei avdeling på sjukehuset.

Dei går over i kvarandre, plagene. Eg gjer det eg kan for å kontrollere. Men kroppen lever sitt eige liv. Og eg må bli med på lasset. Kan ein velje korleis ein lever med det som er vanskelig?

Migrene er ein sjukdom som rammar veldig mange, og i veldig ulik grad. Eg har vore heldig som har fått fullføre skulegang, ta master, gifte meg og få tre nydelege barn før sjukdommen ramma så mykje oftare enn før. Mange får ei forverring kanskje før alt dette skal skje. Og mange får ikkje ei forverring. Migrene er som ein irriterande ven som veljer litt ulikt kven den skal besøke og korleis. Migrene blir du ikkje kvitt, men ein kan bli betre, og det er mitt mål. Eg har fått starte reisa med å teste ut nye medisiner som kan hjelpe betre, og gjere livet enklare, men reisa for å finne riktig medisin krevjer sitt.

Men kor ville eg med alt dette? Veit det nesten ikkje sjølv eingong. Men noko veit eg, og det er at det å gi livet sjølv eit ansikt, kan opplyse og trøste andre som har sine greier. Alle er meir enn det vi ser, på mange måtar. Kan ein velje korleis ein lever med det som er vanskelig?
Eg veit ikkje. Men eg veit at eg er inne i ei tid der eg kan ta nokre valg som betyr noko. Både for meg og dei rundt. For meg har det vore så viktig å ikkje BLI MIGRENA. Eg er meir enn det som står på i kroppen når eit anfall kjem. Det er ikkje berre synd på meg. Eg er heldig på mange vis. Og eg finn det gode i dei gode lukene. Eg veit at eg har mykje i meg, som for tida ligg litt på vent. Eg er meg, eg er ikkje sjukdom.

Men eg må tåle noko som krevjer, og det er vi fleire om, vi må tåle det livet gir. Men vi treng å finne det gode opp i alt. Så no gleder eg meg til eg kan få sitje ved vatnet, gå ut i vatnet, ete bær, og sjå barna gjere dei rare og fine tinga berre dei kan finne på.

Livet, folkens, det både krevjer og gir. Og eg vil tenke mest på kva det gir

Tekst av et medlem i Hodepine Norge

Lær mer om hodepine

Vil du delta i hodepineforskning?

Ønsker du å delta i en klinisk studie? Vil du vite mer om våre studier?

Relaterte artikler

Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter