Dikt: Migrene, min ubedne gjest!

Blond kvinne med migrene står med ryggen til i mørk blått turantrekk. Hun ser ut over fjell og hav.

Dette diktet har et medlem skrevet og delt med oss. Hun forteller:

Min måte å bearbeida livet på er gjennom å skriva, og no skreiv eg om migrenen min i diktform.
Eg synes det er utfordrande at det er så få som veit kva migrene egentlig er, og kor livsreduserande det faktisk er.

Migrene, min ubedne gjest!


Migrene der kom du igjen…,
eg kan slett ikkje kalla deg for ein venn!
Som lyn frå klar himmel du flerrar mitt syn,
eg ser regnbogens fargar i sikksakk og lyn.
Du stormar inn i tankar og sinn,
og rotar til heile hjernen min.
Kvifor kjem du så ofte til meg?
Eg har jo aldri invitert deg!
Eg kjende meg endeleg litt ovanpå og blid,
men du kjenner aldri di besøkelsetid!

Nokon gonger du melding sender,
om at du snart tilbake til meg vender.
Då sender du bud med brennande piler,
som gjennom nakke og skuldrer iler.
Om natta du kjem som ein snikande tjuv,
og held meg fast i dei mørkaste juv.
Eg blir lamma av mareritt og smerte,
og høyrer ikkje eingong slaga frå mitt eige hjerte.
Du lenkar meg fast til mi eiga seng,
og tek frå meg søvnen eg så inderleg treng.

Alle lydar som før var gøy,
dei dundrar i hjernen og lagar støy.
Sol og lys er noko me treng,
men eg ligg i mørket i mi eiga seng.
Du syg ut all kraft og energi,
du har ingenting positivt å meg gi.
Triptan er mitt einaste våpen mot deg,
men når du kjem når eg søv er eg sløv og treg.
Skal det ha effekt må eg vera snar,
men om natta du frå meg den sjansen tar.

Eg har prøvd å førebu dine besøk,
som i eventyra har eg tre forsøk…
«Våpen» som kanskje kan ha effekt,
må eg først prøva ut for å få alt dekt.
Kvifor kan me ikkje rette «medisinvåpenet» få,
slik at me så lange omvegar sleppe å gå?
Migrenen må stoppast før den kjem inn,
og fuckar opp hjerne, kropp og sinn!
Eg vil nemlig ha hjernen min i fred,
og sjølv få velja kven eg skal dela den med.

Dei dagar du ikkje kjem på besøk,
eg lurer på om det er ein spøk?!
Du held meg på vakt for kvart minste tegn,
og gjer meg trist som dagar med ausande regn.
Eg blir sliten, kvalm og trøtt av deg,
og skulle ønska eg kunne jaga deg i veg!
Eg har tatt meg i saman i mange år,
men no har du gitt meg for mange sår.
Så migrene; NEI! Du er ikkje min venn!
Eg skulle ønska eg slapp å sjå deg igjen!

Migrene er ein usynleg gjest, og for meg er den ei plage og ein pest!
Det er ikkje lett for andre å forstå,
det som dei slett ikkje kan sjå.
Eg kan ikkje planlegga ein dritt,
for den tek i frå meg alt som er mitt.
Så du som dømmer og ned på meg ser,
husk at migrenen usynleg er.
Du ser meg berre på gode dagar,
ikkje når migrenen eit helvete lagar.

Dikt av Merete Langeland, kronisk migrene med og utan aura


Lær mer om hodepine

Vil du delta i hodepineforskning?

Ønsker du å delta i en klinisk studie? Vil du vite mer om våre studier?

Relaterte artikler

Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter